Sisyfos – Wikipedia Sisyfos Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket Hopp til navigering Hopp til søk Sisyfos måla av symbolisten Franz von Stuck i 1920. Sisyfos (Σίσυφος) var konge, helt og skrekkeksempel i gresk mytologi. Han er kjend for den evige straffa si med å rulla ein stein opp på eit fjell, og har gjeve opphav til uttrykket sisyfosarbeid. Sisyfos skal ha grunnlagt og vore konge av Korint. Han var son av Aiolos og Enarete og gift med Merope, som han fekk den seinare korintarkongen Glaukos med. I nokre seinare kjelder blir det òg sagt at han var far til Odyssevs. Den sløge kongen[endre | endre wikiteksten] Som konge skal han ha oppmuntra skipsfart og handel, men òg ha prøvd å karra til seg mest mogleg rikdom, gjerne ved å drepa reisande. Homer og seinare diktarar kallar han ein av dei største sløgingane i verda. Då dødsguden, Thanatos, kom for å henta han, klarte kongen å lenkja han fast slik at verken han eller nokon andre trong å døy. Til slutt måtte Ares koma og fri guden, medan Sisyfos blei send til dødsriket. Kongen hadde fleire kort i ermet. Han hadde avtalt med kona si at ho ikkje skulle ofra noko for han, slik ein brukte å gjera for dei døde. Han gjekk til Hades og klaga over at kona ikkje utførte pliktene sine, og bad om å få dra tilbake til jorda og snakka til henne. Så snart han var fri, nekta han å dra tilbake. Til slutt måtte Hermes ta han til dødsriket med makt. Som straff for alle triksa, ugjerningane eller at han hadde røpa gudane sine løynder, måtte Sisyfos dytta ein stor stein opp på eit fjell. Så snart steinen var oppå toppen, rulla han ned igjen, og Sisyfos måtte ta til på nytt. Av dette har me fått uttrykket sisyfosarbeid, om eit tungt og endelaust arbeid som tilsynelatande ikkje fører nokon veg fram. Sysifos har fascinert seinare kunstnarar og tenkjarar fram til vår tid. Welcker meiner han skildrar mennesket som stendig tørster etter meir kunne. I essayet Le Mythe de Sisyphe liknar Albert Camus Sisyfos med menneskelivet, som er eit absurd strev utan mål, og som me likevel lever. Autoritetsdata WorldCat Store Norske leksikon VIAF GND LCCN BNF BNF (data) SUDOC NKC Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sisyfos&oldid=3185547» Kategoriar: Gresk mytologi Helvete Gøymd kategori: Artiklar med autoritetsdata Navigasjonsmeny Personlege verktøy Ikkje innlogga Diskusjon Bidrag Opprett konto Logg inn Namnerom Artikkel Diskusjon Variantar Visningar Les Endre Endre wikiteksten Sjå historikken Meir Søk Navigering Hovudside Arbeidskontoret Samfunnshuset Siste endringar Tilfeldig side Hjelp Gåver Kontakt Verktøy Lenkjer hit Relaterte endringar Last opp fil Spesialsider Fast lenkje Sideinformasjon Siter denne sida Wikidata-element Skriv ut / eksporter Opprett ei bok Last ned som PDF Utskriftsversjon På andre prosjekt Wikimedia Commons På andre språk Norsk bokmål Svenska Dansk Afrikaans العربية Asturianu Azərbaycanca বাংলা Беларуская Български Boarisch Bosanski Brezhoneg Català Чӑвашла Čeština Deutsch Eesti Ελληνικά English Español Esperanto Euskara فارسی Français Gaeilge Galego 한국어 Հայերեն Hrvatski Bahasa Indonesia Íslenska Italiano עברית Jawa ქართული Қазақша Latina Lëtzebuergesch Lietuvių Magyar Македонски مصرى မြန်မာဘာသာ Nederlands 日本語 Occitan Plattdüütsch Polski Português Română Русский Scots Shqip Simple English Slovenčina Slovenščina کوردی Српски / srpski Srpskohrvatski / српскохрватски Suomi ไทย Türkçe Українська Tiếng Việt Winaray 吴语 中文 Endra lenkjer Denne sida vart sist endra den 21. desember 2019 kl. 14:04. All tekst er tilgjengeleg under Creative Commons-lisensen Namngjeving/Del på same vilkåra. Sjå Vilkår for detaljar. Personvern Om Wikipedia Atterhald For mobil Utviklarar Statistikk Fråsegn om informasjonskapslar