Xerxes I av Persia – Wikipedia Xerxes I av Persia Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket Hopp til navigering Hopp til søk Xerxes I av Persia Konge av Persia, farao av Egypt (486 f.Kr.-465 f.Kr.) Fødd 519 f.Kr. Fødestad Iran Død 475 f.Kr. Dødsstad Q3746183 Mor Atossa Far Dareios I av Persia Ektefelle Vasti, Amestris, Estér Barn Artaxerxes I av Persia, Amytis, Artabanus, Artario, Histaspes, Darius, Rodoguna Føregangar Dareios I den store Etterfølgjar Artaxerxes I Xerxes I var ein persisk konge av Akamenide-dynastiet som regjerte 485 f.Kr–465 f.Kr. «Xerxes» er den greske forma av det persiske tronenamnet Khshayarsha eller Khsha-yar-shan som tyder «herskar av heltar». I den hebraiske bibelen korresponderer truleg den persiske kong Ahasverus (אחשורש Aḥashverosh, Ahasuerus på gresk) med Xerxes I. Josefus, derimot, identifiserte Ahasverus med Artaxerxes I. Innhaldsliste 1 Politisk karriere 2 Dei manglande seinare åra 3 Kjelder 4 Bakgrunnsstoff Politisk karriere[endre | endre wikiteksten] Xerxes var son av Dareios I og Atossa, dotter til Kyros den store, og han vart oppnemnt som etterfølgjar av faren sin framfor dei eldre halvbrørne sine som vart fødde før Dareios vart konge. Etter at han fekk makta i oktober 485 f.Kr slo han ned opprøret i Egypt som hadde brote ut i 486 f.Kr. Han utnemnde broren sin Akamenes som satrap og førte Egypt under veldig strengt styre. Føregjengarane hans, særleg Dareios, hadde ikkje hatt suksess i forsøka sine på å konsolidere dei antikke sivilisasjonane. Dette var truleg grunnen til at Xerxes i 484 f.Kr avskaffa kongedømet i Babylon og tok vekk gullstatuen av Baal (Marduk, Merodach), som den legitime kongen i Babylon måtte ta i på den første dagen kvart år og drap prestane som freista å hindre dette. Difor ber ikkje Xerxes tittelen konge av Babylon i dei babylonske dokumenta som er datert frå styret hans, men konge av Persia og Media eller enno enklare konge av landa (dvs av verda). Dette førte til to opprør, truleg i 484 f.Kr og 479 f.Kr Dareios hadde etterlate oppgåva med å straffe grekarane for innblandinga deira i det joniske opprøret og sigeren ved Marathon til sonen sin. Frå 483 f.Kr klargjorde Xerxes ekspedisjonen sin med stort omhu. Ein kanal vart grave gjennom den smale landstripa på halvøya ved fjellet Áthos, forsyningar vart lagra i stasjonar langs vegen gjennom Thrakia og to bruer vart lagt over Hellespont. Xerxes fullførte ein allianse med Kartago og hindra dermed grekarane frå å få støtte frå dei mektige monarkane i Syrakus og Agrigentum. Mange mindre greske statar tok i tillegg persarane si side, særleg Thessalía, Theben (Thíva) og Argos. Ein stor flåte og ein talrik hær (nokre hevda at han var på over 2 millionar) vart samla. Våren 480 f.Kr sette Xerxes ut frå Sardis. I byrjinga sigra Xerxes overalt. Den greske flåten vart slått ved Artemisium, Thermopylae vart storma, Aten erobra og grekarane vart drivne tilbake til deira siste forsvarslinjer ved Korinth og i Saronicbukta. Men Xerxes vart overtydd av den slue meldinga til Themistokles (mot rådet til Artemisia av Halikarnassus) til å angripe den greske flåten under ufordelaktige tilhøve, i staden for å sende ein del av skipa sine til Peloponnes og avvente oppløysinga av dei greske våpna. Slaget ved Salamis 28. september 480 f.Kr avgjorde krigen. Etter å ha tapt sjøruta si til Asia, vart Xerxes tvinga til å trekkje seg tilbake til Sardis. Hæren han etterlét seg i Hellas under Mardonius vart i 479 f.Kr slått ved Plataea. Nederlaget til persarane ved Mycale vekte dei greske byane i Asia. Dei manglande seinare åra[endre | endre wikiteksten] Av dei siste åra til Xerxes er lite kjent. Han sende ut Satapes for å freiste å segle rundt Afrika, men sigrane til grekarane kasta imperiet inn i ein tilstand av sakte apati, som det aldri heilt klarte å kome seg ut av. Kongen sjølv vart involvert i intrigar i haremet og var avhengig av hoffet og evnukkar. Han etterlét inskripsjonar i Persepolis, der han bygde eit nytt palass i tillegg til Dareios sitt, ved Van i Armenia og på fjellet Elvend nær Ecbatana. I desse tekstene kopierer han stort sett orda til faren sin. I 465 f.Kr vart han myrda av visiren sin, Artabanus, som sette Artaxerxes I på trona. Kjelder[endre | endre wikiteksten] Denne artikkelen bygger på «Xerxes I av Persia» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2010. Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten] Commons har multimedia som gjeld: Xerxes I av Persia Autoritetsdata WorldCat VIAF GND LCCN ISNI BNF BNF (data) LIBRIS SUDOC ULAN Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Xerxes_I_av_Persia&oldid=3213542» Kategoriar: Einskildmenn Akamenidane Persiske monarkar Faraoar Myrda monarkar Døde i 465 fvt. Gøymde kategoriar: Sporing av AboutTopic Artiklar med autoritetsdata Navigasjonsmeny Personlege verktøy Ikkje innlogga Diskusjon Bidrag Opprett konto Logg inn Namnerom Artikkel Diskusjon Variantar Visningar Les Endre Endre wikiteksten Sjå historikken Meir Søk Navigering Hovudside Arbeidskontoret Samfunnshuset Siste endringar Tilfeldig side Hjelp Gåver Kontakt Verktøy Lenkjer hit Relaterte endringar Last opp fil Spesialsider Fast lenkje Sideinformasjon Siter denne sida Wikidata-element Skriv ut / eksporter Opprett ei bok Last ned som PDF Utskriftsversjon På andre prosjekt Wikimedia Commons På andre språk Norsk bokmål Svenska Dansk Afrikaans Alemannisch العربية Asturianu Azərbaycanca تۆرکجه Беларуская Български Bosanski Brezhoneg Català Čeština Cymraeg Deutsch Eesti Ελληνικά English Español Esperanto Euskara فارسی Français Galego 한국어 Հայերեն हिन्दी Hrvatski Bahasa Indonesia Italiano עברית ქართული Қазақша Kurdî Кыргызча Latina Latviešu Lëtzebuergesch Lietuvių Magyar Malagasy मराठी مصرى Bahasa Melayu Nederlands 日本語 Occitan Oʻzbekcha/ўзбекча پنجابی پښتو Polski Português Română Русский Scots Simple English Slovenčina Slovenščina Српски / srpski Srpskohrvatski / српскохрватски Suomi Tagalog தமிழ் ไทย Türkçe Українська اردو Tiếng Việt Winaray 吴语 Yorùbá 中文 Endra lenkjer Denne sida vart sist endra den 14. mai 2020 kl. 16:42. All tekst er tilgjengeleg under Creative Commons-lisensen Namngjeving/Del på same vilkåra. Sjå Vilkår for detaljar. Personvern Om Wikipedia Atterhald For mobil Utviklarar Statistikk Fråsegn om informasjonskapslar