Kjærleik – Wikipedia Kjærleik Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket Hopp til navigering Hopp til søk Pierre Auguste Cot (1873) Kjærleik er ei menneskeleg kjensle, vanlegvis retta mot eit anna menneske. Kjærleik er å vere glad i nokon. Mange vil seie at kjærleik er irrasjonell av natur, og difor vanskeleg å definere. Likevel er omgrepet delt inn i ulike former for kjærleik: Romantisk og seksuell kjærleik. Slik kjærleik finn ein vanlegvis mellom to personar, slik som eit ektepar eller eit kjærastepar. Kjenslene treng ikkje å vere like sterke båe vegar. Kjærleik til familiemedlem og venar. Dette er ei kjensle av nærleik og å vere sterkt knytt til ein annan, utan at det er romantiske eller seksuelle kjensler involvert. Kjærleik til ikkje-menneskelege ting. Dette er generelle og abstrakte kjensler for til dømes fedrelandet, Gud, ein jobb, ein by eller et hus. Slik kjærleik kan vere knytt til gode minne, eller han kan forklarast med ei tru, moralsk overtyding eller indre harmoni. Innhaldsliste 1 Utvikling i kjærleiksforholdet 2 Kjærleiken i filosofien 3 Språkhistorie 4 Sjå også 5 Bakgrunnsstoff Utvikling i kjærleiksforholdet[endre | endre wikiteksten] Eit par som venter barn viser kjærleiken sin for kvarandre. Eit vanleg norsk kjærleiksforhold ved byrjinga av 2000-talet kan gå i gjennom desse utviklingsfasane: Forelsking – partane er sterkt opptatte av kvarandre. Dette kan vere eit avstandsforhold, og treng ikkje vere gjensidig. Kjærasteforhold – partane har eit gjensidig, fast forhold, har jamleg kontakt med kvarandre og er stort sett trufaste mot kvarandre. Sambuarskap – partane har flytta saman. Truloving – Partane er samde om at dei skal skapa ekteskap eller partnerskap. Ekteskap/Partnerskap – partane har inngått ekteskap eller partnerskap, fått forholdet nedteikna i offentlege protokollar, og er formelt saman. Familie – partane får eitt eller fleire born, og er ein ny kjernefamilie Kjærleiken i filosofien[endre | endre wikiteksten] Omgrepet kjærleik har vore eit heitt tema i litteratur og filosofi. Filosofisk er det særskilt knytt til Platon og åndelæra hans, og denne tankegangen har hatt stor påverknad på kjærleikssynet innan kristendommen og europeisk litteratur, særleg i mellomalderen og under romantikken. Platon utvikla tanken om den ideelle kjærleiken, som var frigjort frå materielle band. Gresk og seinare latinsk tenking deler kjærleiken i tre grunnleggjande deler. På gresk skil ein mellom eros (sanseleg kjærleik, med avleiinga erotikk), filia eller venskap, og endeleg agape, den oppofrande kjærleiken, som fekk mykje å seia for kristen tenking. Språkhistorie[endre | endre wikiteksten] Dei skandinaviske språka er unike i europeisk samanheng fordi dei skil mellom kjærleik på den eine sida og elsk på den andre. Det har vore hevda, av mellom anna filosofen Tore Frost, at dette skriv seg frå kristen påverknad. Kjærleiksomgrepet er tradisjonelt ikkje synonymt med elsk-omgrepet, fordi det famnar vidare enn rein «elsk-hug». Det er grunnar til å tru at det skriv seg frå det latinske caritas, ei omsetjing av gresk agape, altså den oppofrande kjærleiken. I fleire europeiske språk skil ein ikkje mellom verbet og substantivet, slik at ein får ordpara love og make love på engelsk, liebe og lieben på tysk, amour og aimer på fransk. Det tilsvarande norske verbet er «å elska» (i dag i nokon grad fortrengt av det nyinnhenta omgrepet «å ha sex»). Sjå også[endre | endre wikiteksten] Agape Bryllaup Ekteskap Empati Flørting Forelsking Forloving Frieri Kjærleik på pinne Kjærleiksbarn Kjærleiksbrev Kjærleikssorg Kyss Lyst Morskjærleik Nestekjærleik Polyamori Romantikk Sambuarskap Samliv Seksualitet -elskov - erotikk Sjalusi Stemnemøte Sympati Utruskap Venskap Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kjærleik Kjærleiksartiklar på forskning.no Autoritetsdata GND NKC NDL Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kjærleik&oldid=3262152» Kategoriar: Filosofi Psykologi Kjensler Seksualitet Dygder Kjærleik Gøymd kategori: Artiklar med autoritetsdata Navigasjonsmeny Personlege verktøy Ikkje innlogga Diskusjon Bidrag Opprett konto Logg inn Namnerom Artikkel Diskusjon Variantar Visningar Les Endre Endre wikiteksten Sjå historikken Meir Søk Navigering Hovudside Arbeidskontoret Samfunnshuset Siste endringar Tilfeldig side Hjelp Gåver Kontakt Verktøy Lenkjer hit Relaterte endringar Last opp fil Spesialsider Fast lenkje Sideinformasjon Siter denne sida Wikidata-element Skriv ut / eksporter Opprett ei bok Last ned som PDF Utskriftsversjon På andre prosjekt Wikimedia Commons Wikifrasar På andre språk Norsk bokmål Svenska Dansk Afrikaans Akan Alemannisch አማርኛ Ænglisc العربية Aragonés অসমীয়া Asturianu Avañe'ẽ Azərbaycanca تۆرکجه বাংলা Bân-lâm-gú Башҡортса Беларуская Беларуская (тарашкевіца)‎ Български Boarisch བོད་ཡིག Bosanski Brezhoneg Буряад Català Чӑвашла Čeština Corsu Cymraeg الدارجة Deutsch Eesti Ελληνικά English Español Esperanto Estremeñu Euskara فارسی Fiji Hindi Français Frysk Gàidhlig Galego 贛語 ગુજરાતી गोंयची कोंकणी / Gõychi Konknni 客家語/Hak-kâ-ngî 한국어 Hausa Հայերեն हिन्दी Hrvatski Igbo Ilokano Bahasa Indonesia Interlingua ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ/inuktitut Íslenska Italiano עברית Jawa ಕನ್ನಡ ქართული कॉशुर / کٲشُر Қазақша Kiswahili Kreyòl ayisyen Kriyòl gwiyannen Kurdî Кыргызча Ladino Latina Latviešu Lëtzebuergesch Lietuvių Ligure Limburgs Lingála Lumbaart Magyar Македонски മലയാളം Malti मराठी მარგალური مصرى Bahasa Melayu Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄ Mirandés Монгол မြန်မာဘာသာ Nāhuatl Nederlands नेपाली नेपाल भाषा 日本語 Нохчийн Occitan ଓଡ଼ିଆ Oʻzbekcha/ўзбекча ਪੰਜਾਬੀ پنجابی پښتو Patois ភាសាខ្មែរ Picard Piemontèis Polski Português Ripoarisch Română Runa Simi Русиньскый Русский Саха тыла ᱥᱟᱱᱛᱟᱲᱤ Sardu Shqip Sicilianu සිංහල Simple English سنڌي SiSwati Slovenčina Slovenščina Soomaaliga کوردی Српски / srpski Srpskohrvatski / српскохрватски Suomi Tagalog தமிழ் Татарча/tatarça ไทย Тоҷикӣ Türkçe Türkmençe Українська اردو ئۇيغۇرچە / Uyghurche Vepsän kel’ Tiếng Việt Walon 文言 Winaray 吴语 Xitsonga ייִדיש 粵語 Žemaitėška 中文 Endra lenkjer Denne sida vart sist endra den 26. august 2020 kl. 22:36. All tekst er tilgjengeleg under Creative Commons-lisensen Namngjeving/Del på same vilkåra. Sjå Vilkår for detaljar. Personvern Om Wikipedia Atterhald For mobil Utviklarar Statistikk Fråsegn om informasjonskapslar