Horats – Wikipedia Horats Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket Hopp til navigering Hopp til søk Horats Horats, som Anton von Werner tenkte seg han Fødd 8. desember 65 f.Kr. Venosa Død 27. november 8 f.Kr. Roma Yrke lyrikar, skribent, filosof Horats på Commons Horats, eigentleg Quintus Horatius Flaccus, var ein romarske skald fødd i Venusia i Sør-Italia i år 65 fvt. Venusia var ein småby i grenseområdet mellom Apulia og Lucania. Innhaldsliste 1 Liv 2 Verk 3 Kjelder 4 Bakgrunnsstoff Liv[endre | endre wikiteksten] Horats kom frå etter måten små kår, som son av ein frigjeven slave, men fekk likevel god opplæring i gresk språk, filosofi og dikting. Etter å ha teke del i borgarkrigen på 40-talet fvt., fekk Horats stilling som skrivar i skattkammeret i Roma. Det var no han byrja å dikte på rett, etter mønster av greske dikt, men på latin. Han vart kjend med Vergil, Varius og Maecenas, og den sistnemnde gav han ein gard aust for Roma, der Horats budde mykje av livet sitt. Maecenas var ein nær ven av Horats livet ut, og fleire av Horats sine dikt er stila til han. Det var etter at Julius Cæsar var drepen, at Horats gjekk inn i hæren, der han tente under Marcus Junius Brutus. Han kjempa då som stabsoffiser, tribunus militum, i slaget ved Filippi. Ifølgje han sjølv, berga han seg frå å bli drepen i dette slaget ved å kaste skjoldet og springe derifrå. Då det vart erklært amnesti for dei som hadde stridd mot den sigerrike Octavian (sidan Augustus), vende Horats attende til Italia, men fann då at eigedomen åt familien hadde vorte konfiskert. Horats fekk då arbeid som scriba quaestorius, funksjonær for skattkammeret, som gjorde at han klarte seg bra økonomisk og gjorde det mogleg for han å halde fram med diktinga si. Horats var med i den litterære krinsen som omfatta Virgil og Varius, og det var desse som introduserte han til Maecenas, som var ein ven og fortruleg til Augustus. Maecenas vart støttespelar og god ven for Horats, og det var han som lét Horats få denne garden nær Tiberen i Sabinardalen, dagens Tivoli i Italia. Garden er i dag ein pilegrimsstad for dei litterært interesserte. Etter borgarkrigen var slutt i år 31 fvt., var Augustus herskar i Romarriket. Han lika Horats godt, og ville gjere Horats til sin personlege sekretær. Men Horats takka høfleg nei, og dette vart godteke. Horats døydde i år 8 fvt., få dagar etter Maecenas. Verk[endre | endre wikiteksten] Horats er kanskje mest kjend for odane sine, og brevet om diktekunsten. Odar er lyriske dikt. Tre av samlingane med odar kom ut i år 23, og ei fjerde kom i år 13. Men også ein av epistlane hans er svært velkjend, det er Ars Poetica, der Horats kjem med ein dikt-teori. Han meiner poesi må vere både godt laga semantisk og formelt, og og samtidig gje glede åt lesaren eller tilhøyraren. Dette blir gjerne referert som dulce et utile, både behageleg og nyttig. Johannes Gjerdåker har attdikta alle odane åt Horats, og dei er gjevne ut på Det Norske Samlaget og i Norsk Årbok.[1] Horats var den leiande lyriske poeten i Romarriket i keisar Augustus si tid. Han blir av klassisistane generelt sedd som den største av dei latinske poetane. Mange av uttrykka hans er i bruk den dag i dag, på latin eller i omsetjing, såleis grip dagen (carpe diem), det er godt og rett å døy for fedrelandet (dulce et decorum est pro patria mori) og den gylne mellomvegen (aurea mediocritas). Kjelder[endre | endre wikiteksten] Denne artikkelen bygger på «Horace» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2007. Referansar ↑ Norsk Årbok 2008 Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten] Om Horats' lyrikk på snl.no Autoritetsdata WorldCat BIBSYS Store Norske leksikon VIAF GND LCCN ISNI BNF BNF (data) LIBRIS Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Horats&oldid=3123172» Kategoriar: Einskildmenn Romerske diktarar Romarriket Gøymde kategoriar: Sporing av AboutTopic Artiklar med autoritetsdata Navigasjonsmeny Personlege verktøy Ikkje innlogga Diskusjon Bidrag Opprett konto Logg inn Namnerom Artikkel Diskusjon Variantar Visningar Les Endre Endre wikiteksten Sjå historikken Meir Søk Navigering Hovudside Arbeidskontoret Samfunnshuset Siste endringar Tilfeldig side Hjelp Gåver Kontakt Verktøy Lenkjer hit Relaterte endringar Last opp fil Spesialsider Fast lenkje Sideinformasjon Siter denne sida Wikidata-element Skriv ut / eksporter Opprett ei bok Last ned som PDF Utskriftsversjon På andre prosjekt Wikimedia Commons Wikifrasar På andre språk Norsk bokmål Svenska Dansk Afrikaans አማርኛ العربية Aragonés Asturianu تۆرکجه Башҡортса Беларуская Беларуская (тарашкевіца)‎ Български Bosanski Brezhoneg Català Čeština Cymraeg Deutsch Eesti Ελληνικά English Español Esperanto Euskara فارسی Fiji Hindi Français Furlan Gaeilge Galego 한국어 Հայերեն हिन्दी Hrvatski Ido Bahasa Indonesia Interlingua Íslenska Italiano עברית ქართული Қазақша Kernowek Kiswahili Kurdî Latina Latviešu Lietuvių Lingua Franca Nova Magyar Македонски Malagasy മലയാളം मराठी مصرى Bahasa Melayu Монгол Nāhuatl Nederlands 日本語 Occitan Oʻzbekcha/ўзбекча ਪੰਜਾਬੀ Piemontèis Polski Português Română Русский Sardu Seeltersk Sicilianu Simple English Slovenčina Slovenščina Српски / srpski Srpskohrvatski / српскохрватски Suomi Tagalog தமிழ் Tarandíne Татарча/tatarça Türkçe Українська Tiếng Việt Volapük Võro Walon Winaray 吴语 粵語 Zazaki Žemaitėška 中文 Endra lenkjer Denne sida vart sist endra den 11. mars 2019 kl. 11:47. All tekst er tilgjengeleg under Creative Commons-lisensen Namngjeving/Del på same vilkåra. Sjå Vilkår for detaljar. Personvern Om Wikipedia Atterhald For mobil Utviklarar Statistikk Fråsegn om informasjonskapslar